Furustrand friområde (vannaktivitet, kiosk, sandvolleyball)
Om du bur i kommunen eller er på gjennomreise, legg turen innom Furustrand! Her har kommunen lagt til rette for aktivitetar for heile familien; bading, stuping, sandvolleyball, balleik, kanopadling og grilling.
Furustrand ligg ved Heggefjorden, rett ned for Heggenes.
Sommaren 2007 vart det opparbeida badevik for dei yngste ungane. Her er vasstanden 40-50 cm og ungane kan leike trygt.
Kiosken har inga fast opningstid, men vil vere open på dagar med fint ver.
Grillane på området kan nyttast av alle. Ta med eige grillkol.
Ha ein triveleg dag på Furustrand!
Sist endra 01.03.2024 12.26