BandtvangHunder kan berre vere lause når dei blir følgt og kontrollert på ein aktsam måte. Det er ordinær bandtvang i tida frå og med 1. april til og med 20. august.Øystre Slidre kommune har og ei lokal forskrift om hundehald som mellom anna angir forlenga bandtvang i område der bufe har rett til å beite og faktisk beitar frå og med 21. august til og med 30. september.I tillegg angir den lokale forskrifta om hundehold at bandtvang gjeld heile året i og i tilknyting til bustadområder og handleområder og i enkelte skiløyper. Det same gjelder i parker, på gravplassar, på og ved skular, barnehagar og anlegg for lek, idrett og sport.Med bandtvang meiner denne forskrifta at hunden skal holdast fysisk i band, eller vere forsvarlig inngjerda eller innestengt.Den utvida bandtvangen med omsyn til beitedyr i perioda frå og med 21. august til og med 30. september gjeld ikkje for hundar brukt i jakt, jakthundtrening og jaktprøver jf. hundeloven § 9 første ledd bokstav f. Sist endra 23.10.2024 14.02