Kunnskapsprøva - alkohollova

Beskriving

Styrarar og avløysarar for sals- og skjenkjeløyve må ha dokumentert kunnskap om alkohollova. Dette kravet blir oppfylt ved at du består kunnskapsprøva. Løyvemyndigheita skal halde prøva innan to månader etter at det har teke imot melding om at du ønskjer å avleggje prøva.
For å avleggje kunnskapsprøve kontaktar du det aktuelle løyvemyndigheita:

  • For kommunale sals- og skjenkjeløyve: Kommunen der verksemda blir utøvd, eller i heimkommunen
  • Statlege skjenkjeløyve for skip: Fylkesmannen i det fylket verksemda er registrert som løyvehavar
  • Statlege skjenkjeløyve for tog og fly: Helsedirektoratet

Personar med tilknyting til Forsvarets befalsmesser kan avleggje prøva i den kommunen der verksemda blir utøvd eller i heimkommunen.

Kunnskapsprøva i alkohollova er ei fleirvalsprøve med eit tilfeldig uttrekk av spørsmål frå ein database. Du vil få 60 minutt til å svare på prøva. For å få bestått prøve må 24 av 30 svar vere riktige.

Ta med gyldig legitimasjon når du skal avleggje prøva.

Målgruppe

Styrarar og avløysarar i verksemder som har eller søkjer om sals- eller skjenkjeløyve

Pris

Før du tar prøva, må du betale inn eit gebyr på kr 400,-. Prøva kan du ta fleire gonger dersom du ikkje består. Du må betale gebyr for kvar oppmelding.

Rettleiing

Det er utarbeid læremateriell til prøva.

Læremateriell til prøva kan kjøpast i nettbutikken på vinn.no

Oppdatert

29.09.2017 09:32:00

Kontaktinfo

Inger Gjølgali
Sekretær
E-post
Telefon 61 35 25 00
Mobil 90 12 84 76