Ungdomens kulturhus Gapahuken

 

Ungdomens kulturhus Gapahuken er ungdomen sitt eige hus i Øystre Slidre.  Her er det tilbod om ungdomsklubb og ulike aktivitetar og arrangement gjennom heile året. Huset er utgangspunkt for mykje av den kommunale fritidsaktiviteten for ungdom, samt møtestad for ungdomsrådet.

Ungdomsklubbtilbod

Øystre Slidre kommune driv organisert ungdomsklubbtilbod for ungdom frå 8.klasse - 3.vgs i Gapahuken. I ein periode frå hausten 2024 vil det ikkje være ordinære klubbtilbod, på grunn av utfordringar med uynskt aktivitet og eit utfordrande klubbmiljø. Det vert jobba med å etablere eit alternativt tilbod. 

Ungdomsklubben skal tilby eit variert tilbod til ungdom, med fokus på inkludering gjennom tilrettelegging av aktivitet, meistring, samhald og sunne verdiar. I Gapahuken er det lov å vere ung og leiken, men me akspeterar ikkje mobbing, rasisme, ekskludering og nedsettande prat.

Ungdomskonsulenten er leiar for aktiviteten i Gapahuken, saman med tre tilsette og ein lærling. I tillegg organiserar FAU ved ØSUS natteramnar på fredagane. Klubben har ei eiga frivilliggruppe med ungdom som er med på å planlegge og gjennomføre aktiviteten.

Skatepark, konsertamfi og Lydkåken Rockeverkstad

Uteområdet ved Gapahuken er fint opparbeida med asfalterte gangstiar og belysning. Uteområdet omfattar skatepark på 400m2 i betong, konsertamfi og sceneplatting med plass til 300 tilhøyrarar. Alt dette er ope for bruk til organisert og uorganisert aktivitet.

Lydkåken Rockeverkstad er eit øvingshus med lydstudio for dei som er ynskje å jobbe med musikk. Tilbodet er organisert og drifta av foreininga Lydkåken Rockeverkstad. 

Kontaktinfo

Øystein Skattebu
Kulturskulerektor og avd. leiar ung kultur
E-post
Mobil 41 22 28 40

Åpningstider

  • Onsdag 1430 - 1730
  • Fredag 1830 - 2200

 

for alle i 8. klasse - 3.vgs.

 

 

Adresse

Postadresse:

Øystre Slidre kommune
Bygdinvegen 1989
2940 Heggenes

Besøksadresse:

Bygdinvegen 1983
2940 Heggenes