Kunst Øystre Slidre helsetun

Målsetninga under arbeidet med kunsplanen har vore at kunsten skal gjenspeile Øystre Slidre kommune si satsing innan helse og omsorg, og ivareta den lokale tilknytninga. I tillegg bør kunsten ha høg kunstnerisk kvalitet.

Kunsten skal kommunisere med forskjellige aldersgrupper, menneske i ulike livssituasjonar og med ulik kulturbakgrunn. Den viktigste gruppa er bebuarane, mange med helsemessige utfordringar som glemsl, uro, svekka sansar og tap av språk. Kunsten skal ha gode visuelle kvalitetar. Kommunikasjon gjennom bruk av materiell, form og gjennkjennbarheit blir vektlagt. Kunsten bør ha noko universielt og tidlaust ved seg. Tidlaust for å behalde sin aktualitet. Kunsten skal ikkje virke openbart foruroligande eller vere til hinder for bevegelegheit. Tanketrådar; lys og varme, farge, tryggleik og trivsel, noko å snakke om.

Kunstplan Øystre Slidre helsetun

Oversikt over kunsten på Øystre Slidre helsetun

Her finn du ei oversikt over kunsten på Øystre Slidre helsetun, fordelt på etasjar og avdelingar. Dersom nokon har tilleggsinfo om enkeltverk kan de gjerne ta kontakt med Kari Onstad, e-post kari.onstad@oystre-slidre.kommune.no for rettingar. 

Omvisning

Ønskjer du omvisning? Ta kontakt med Kari Onstad på tlf 99 69 06 16.

Kontaktinfo

Kari Onstad
Kultursjef
E-post
Telefon 61 35 25 00
Mobil 99 69 06 16