Retningslinjer for kulturtilskot i Øystre Slidre kommune

Frivillig arbeid skapar engasjement og gjev gode fellesskapsopplevingar. Dugnad og anna frivillig arbeid blir høgt verdsett i Øystre Slidre og kommunen gjev økonomisk støtte til sine frivillige lag og organisasjonar som arbeider på eit ideelt grunnlag. 
 
Kommunen lyser ut kulturmidlar ein gong per år, med søknadsfrist 1.april.

Kven kan søkje

Både einskildpersonar og organisasjonar i kommunen kan søkje kulturtilskot. Regionale lag kan søke, men lag i eigen kommune vert prioritert. Alle søkjarar må gjere greie for kor mange i vår kommune som nyt godt av tiltaket/aktiviteten.
 

Kva det kan søkast om:

Det kan gjevast kulturtilskot til musikk, dans, teater, idrett, friluftsliv, historie, enkeltarrangement og organisasjonsverksemd for barn, unge og vaksne. Det kan òg gjevast støtte til vøling av eldre bygningar, kulturminne, kulturarbeid/tiltak og kulturarv i kommunen m.m.
 

Prioritering

  • Tiltak for barn og unge, og barn som treng spesiell tilrettelegging
  • Folkemusikk og tradisjonskultur
  • Tiltak som er prioritert i kommunen sine planar
  • Friluftsliv og utoverretta aktivitetar
Ved tildelinga skal det takast omsyn til økonomi, rekneskap og budsjett, medlemstal, kor mange som nyt godt av aktiviteten og aktivitetsnivå.
 

Kva skal søknaden innehalde

Søknaden skal sendast elektronisk gjennom heimesida til kommunen. Årsmelding, rekneskap og budsjett skal liggje ved for at søknaden skal bli vurdert.

Kontaktinfo

Kari Onstad
Kultursjef
E-post
Telefon 61 35 25 00
Mobil 99 69 06 16