Dyregravene var store hol, gjerne med ledegjerde av stein som leda dyra mot holet.
Etter at det vart forbod mot å nytte fangstgraver til jakt, vart mange av gravene fylt att med stein og er derfor vanskeleg å oppdage.
Vest for Rjupetjednet, frå Hølmen til Gravolstjednet, er det funne heile 12 fangstgraver langsmed sandhaugane.
I Velundskaret opp i Bitihorn ligg det fire fangsgraver for villrein og ein for jerv.
Det største fangsanlegget med dyregraver og ledergjerde finn vi aust for Gravskaret ved Gråhø nord for Vinstervatn.