Treningsrommet på Heggenes

Treningsrommet på Heggenes ligg vegg i vegg med Øystre Slidre Fysioterapi.
 
Treningsrommet er på 90 kvm og inneheld matte- og apparatavdeling. På dagtid er det Frisklivssentralen og Øystre Slidre Fysioterapi som disponerar treningsrommet, andre kan nytte rommet etter oppsett timeplan.

Alle som skal nytte treningsrommet må ha eiget treningskort, aldersgrense for å inneha treningskort og nytte treningsrommet er 16 år. Pris for treningskort per kalenderår er frå 01.01.24 918 kr per person, henvend deg til sentralbordet på Tingvang for kjøp av treningskort.

Det er ikkje garderobe eller dusj i treningsrommet.

Nytt frå 01.01.2025

Informasjon om ny betalingsløysing for tilgang til Treningsrommet og nye vilkår for bruk av rommet finn du her.

Kontaktinfo

Kontakt Øystre Slidre kommune
E-post
Telefon 61 35 25 00

Kartpunkt