Krøsshaugen: Bustadane favnar målgruppa personar som ikkje lenger kan leve og bu i eigen heim grunna sviktande helse og auka hjelpebehov. Bebuarane i omsorgsbustadane vert vurdert som heimebuande og må søkje om kommunale tenester på lik line med andre heimebuande.
Moasvingen er 4 private bustadar på framleige. Målgruppa er personar med psykiske lidingar og rusproblem, som har behov for oppfølging frå den kommunale helse- og omsorgstenesta.
Moavegen 1 er bustader for målgruppa hushaldningar / personar med låg inntekt, unge utanfor arbeid / utdanning, flyktningar, personer med lettare psykiske lidingar eller rusproblem og personar med nedsett funksjonsevne. Bustadane oppfyller gjeldande vilkår for universell utforming.
Øvre Moen er 14 omsorgsbustadar knytt til Øystre Slidre sjukeheim. Omosrgsbustadane har varierande grad av tilretteleggjing og favnar målgruppa personar som ikkje lenger kan leve og bu i eigen heim grunna sviktande helse og auka hjelpebehov. Bebuarane i omsorgsbustadane vert vurdert som heimebuande og må søkje om kommunale tenester på lik line med andre heimebuande. Bustadane har direkteline inn til Øystre Slidre sjukeheim og vert serva av heimetenesta etter enkeltvedtak hjå den einskilde bebuar.
Moavegen 25 består av 10 omsorgsbustadar med delvis bemanning. Bustadane har ein standard som tilfredsstillar gjeldande krav for tilrettelagt bustad. Bygningen er funksjonell og har gode fellesareal. Målgruppa er personar med omfattande funksjonsvikt og sjukdom som har behov for nær tettleik til helsepersonell gjennom dagen.
Moabygde burettslag har 15 godt tilrettelagte bueiningar. Berre personar som pga alder, kronisk sjukdom og / eller funksjonshemming som har behov for omsorgsbustad kan verta deleigar i burettslaget.
Øystre Slidre sjukeheim Tilbod om langtidsplass ved Øysre Slidre sjukehiem er det høgaste omsorgsnivået i kommuna. Målgruppa er peronar som har behov for døgnkontinuerlig pleie og omsorgstenester grunna helse og funksjonsnedsettelsar. Det vert krevd vederlag etter gjeldande reglar for vederlagsberegning.