Dagtilbod for personar med hukommelsesvikt - Vindestogo

Illustrasjonsbilde Sansehagen ved Vindestogo - Klikk for stort bilete Øystre Sldire kommune

Vindestogo er eit dagaktivitetstilbod for heimebuande som har ein hukommelsessvikt grunna demens eller andre helseproblem som påverkar det kognitive.

Målsetting for tilbodet:

”Å skape eit tilbod der brukarane møtest i eit trygt og inkluderande sosialt fellesskap, der det er aktivitetar som stimulerer, tek vare på ferdigheiter i det daglege og skapar meistring og livsglede”.

Dagsprogram:

  • Henting heime med bil ca. 08.45
  • Frukost og kaffe ca. 09.15
  • Diverse aktivitetar
  • Varm lunsj kl.13.00
  • Køyring heim med bil ca. 14.00

Vindestogo er ein møteplass for å oppretthalde dine funksjonar gjennom aktivitetar som er utforma ut ifrå kvar enkelt sine evner, interesser og livshistorie. 

Vi har sansehage som er tilrettelagt med bålplass, gapahuk og paviljong. 

Vindestogo er også ein arena der pårørande kan få avlastning og støtte. 

Betaling:

  • Pris per dag, inkludert mat og køyring: 100 kr.
  • Det blir sendt rekning kvar månad.

 

Uteområde Vindestogo - Klikk for stort bilete

Kontaktinfo

Thora Ranum Nyhagen
Demenskontakt
E-post
Telefon 90 91 42 78

Arbeidstid: onsdagar og torsdagar, 08:00 - 15:00

 

Øystre Slidre helsetun
Telefon 61 34 28 70
Vindestogo
Mobil 41 49 97 32

Åpningstider

Måndag-fredag 0900-1500

Adresse

Vindevegen 5

2940 Heggenes

Kartpunkt