Aktivitetshuset skal vere eit dagsenter som gjev akivitetstilbod til menneske med funksjonshemming. Aktivitetane er knytt mot tekstilproduksjon men skal utviklast vidare, til dømes produksjon av planter. Produkta skal seljast med ei forteneste. Vi skal gjennom eit strukturert miljø gje brukarane tryggleik, trivsel og faste rammer. Oppgåvene skal leggast til rette slik at kvar einskild brukar kan meistre dei utifrå sine eigne ressursar.
Aktivitetar:
- Veving
- Maskinstrikking
- Saum
- Montering
- Veksthusaktivitetar og plantesal
Arbeids- og aktivitetsavdelinga drifter også 5 VTA-plasser der arbeidstakeren er tilsett i Valdres Arbeidssenter , med dei rettigheter og plikter det fører med seg.