Psykososialt kriseteam - informasjon til deg som har opplevd ei dramatisk hending

Å oppleva ei krise er ein sterk og smertefull hending som truleg vil prega liva deira i meir eller mindre grad. Samvær og samtalar med familie og venner er det som er viktigast og hjelper best mot smerta. 

Dei fleste menneske vil meistra krisesituasjonar som oppstår i dagleglivet utan behov for hjelp av lege, psykolog eller andre fagfolk. Men nokon vil og trenga hjelp i form av møte og samtaler med helsepersonell eller prest.  

Øystre Slidre kommune har eit Psykososialt kriseteam som består av helsepersonell, prest og politikontakt.

Kriseteamet får melding via lege, politi eller brannbefal som har akutt kjennskap til krisa. Når kriseteamet er kontakta, samlast to eller fleire medlemmer for å utveksla informasjon. Dei kriseramma vil deretter bli kontakta for vidare oppfølging. 

Har ein behov for kontakt utover den første akutte fasen, vil ein få tilbod om hjelp frå fastlegen sin, helsesøster eller psykisk helsearbeidar. Prest kan også bidra i vidare oppfølging i tida etter krisa. 

Informasjon på internett

Dersom de ønsker å lesa meir om det som skjer med menneske som opplever sorg og kriser, finst det fleire nettsider som gir informasjon. Eks: www.kriser.no.

Ungdommens eiga nettside og har ein eigen link som handlar om ungdom som opplever sorg. www.ung.no

Psykososial oppfølgjing i kommunen:

Kommunen har etter helse- og omsorgstjenesteloven ansvar for å tilby hjelp ved ulykker og andre aktutte hendingar, herunder psykososial beredskap og oppfølgjing. Det inngår som del av kommunen sitt sørgje-for-ansvar for eigne innbyggjarar.

Kven kan trenge hjelp? Etterlatte, familiar og vener. Skadde, deira familiar og nære. Vitnar til hendingar og deira næraste. Barn, unge og befolkninga elles.

Du kan ta kontak med kommunen sine tenester som legekontoret 61 35 29 00, psykisk helseteneste 955 67 780, helsestasjonen 913 24 079 og prest 991 29 976. Tenestene har opningstid kl.08.30 - 15.30 på kvardagar. Sjå meir info her på heimesida for telefonnr eller hendvend deg på e-post. Utanom ordinær opningstid er det Valdres legevakt 116 117 eller Gjølvik DPS, enhet for akuttpsykiatri 915 06 200.

Nokon du kan snakka med

For dei råka og andre ramma som treng nokon å snakke med, finns det mange frivillige organisasjosnar som kan tilby støtte og informasjon. Fleire har hjelpetelefonar, chat-tenestar og støttegrupper som kan vere til god hjelp. Sjå meir info her.