Tilbodet er retta spesielt mot ungdom og unge vaksne i alderen 13 – 25 år med milde til moderate rus og psykiske helseproblem og deira familiar.
Du treng ikkje henvisning for å ta kontakt. Tenesta er gratis. Inntak skjer i samarbeid med kommunen sin psykiske helseteneste.
Psykologtenesta har og ansvar for system- og samfunnsretta arbeid, helsefremjande og førebyggande arbeid og rettleiing/fagstøtte til personell/tenester i Vang kommune, Vestre Slidre kommune og Øystre Slidre kommune.