Fastlege

Beskriving

Fastlegen er ein allmennpraktiserande lege som har inngått avtale med kommunen om å ta del i fastlegeordninga. Alle har rett til å vere knytt til ein namngjeven, allmennpraktiserande lege. Fastlegen skal vere tilgjengeleg for pasientane sine og prioritere desse framfor personar som ikkje står på lista til legen.

Fastlegen skal òg hjelpe deg med å velje behandlingssted, dersom du skal få behandling på sjukehus.

Du kan sjølv velje kva for ein lege du vil ha som fastlege, men legen må ha ledig kapasitet og vere med i fastlegeordninga. Du kan velje ein fastlege i ein annan kommune enn den du bur i. Du kan også fritt velje ein lege som ikkje er med i fastlegeordninga, men då betaler du ein høgare eigendel. Dersom du har foreldreansvar for born under 16 år, vel du også fastlege for barnet ditt. Når du er på sjukeheim, har du krav på å behalde fastlegen din, men du må bruke sjukeheimslegen så lenge du bur der.

Målgruppe

Alle som bur i Noreg.

Pris

Du betaler eigendel.

Klage

Dersom du ikkje er nøgd med fastlegen din, kan du bruke retten til å skifte. Du har rett til å skifte fastlege inntil to gonger kvart kalenderår.

Rettleiing

Dersom du flytter frå ein kommune til ein annan, må du melde flytting til Folkeregisteret. Du får eit brev frå Nav/HELFO om fastlegar som har ledig plass på lista i den nye kommunen. Du kan velje ein av dei, eller halde fram hos den fastlegen du allereie har.

https://helsenorge.no/behandlere/bytte-av-fastlege kan du søkje etter ein fastlege som du ønskjer å bruke. Du kan òg setje deg på venteliste dersom fastlegen du ønskjer ikkje er ledig.

Har du ikkje har internett, ring HELFO på telefon 800HELSE (800 43 573). Ha fødselsnummeret ditt (11 sifre) klart før du ringer. Dei fortel deg om tilgjengelege fastlegar og set deg på lista til den fastlegen du ønskjer deg, så sant legen har ledig kapasitet

Bytet gjeld frå den første dagen i månaden etter at bytet er registrert. Du får eit brev som stadfester at du har fått ny fastlege.

Oppdatert

28.09.2017 14:03:05

Kontaktinfo

Kommunelegen i Øystre Slidre
Telefon 61 35 29 00

Øyeblikkelig hjelp 61 35 29 20

Telefaks: 61 35 29 10

Telefon legevakt: 116117

Medisinsk nødhjelp: 113