Legetenesta i Øystre Slidre Legetenesta i Øystre Slidre held til i helsehuset på Heggenes (rett nord for Coop PRIX Heggenes). Time- og reseptbestilling elektronisk Du kan bestille legetime og fornye resept elektronisk via helsenorge.no Innlogging til løsningen skjer med elektronisk id, t.d. bankid. Pakkeforløp psykisk helse og rus Pakkeforløpa skal bidra til gode, koordinerte og samanhengande tenester til brukarar. Dei skal sikre samhandling mellom brukar, ev. pårørande, spesialisthelsetenesta, kommunale helse- og omsorgstenester og andre relevante aktørar. Måla med pakkeforløp for psykisk helse og rus er: Auka brukarmedverknad og meir tilfredse brukarar Samanhengande og koordinerte pasientforløp Unngå fagleg ugrunna ventetid for utdredning, behandling og oppfølging Likeverdig tilbod til pasientar og pårørande uavhengig av kvar i landet dei bur Betre ivaretaking av somatisk helse og gode levevanar Dei tre første pakkeforløpa er lansert i september 2018, og tas i bruk frå 2019. Pasientar kan tilvisast til følgjande pakkeforløp frå 01. januar 2019: Utredning og behandling i psykisk helsevern, vaksne. Utredning og behandling i psykisk helsevarn, barn og unge. Tverrfaglig spesialisert rusbehandling (TSB) Pasientar kan tilvisast til følgjande pakkeforløp frå 15.februar 2019: Mistanke om psykoseutvikling og psykoselidingar Utredning og behandling av tvangsliding (OCD) Spiseforstyrringar hos barn og unge Det vil også komme pakkeforløp for gravide og rus og eit samhandlingsforløp psykisk helse/rus-barnevern i løpet av 2019. Meir informasjon finn du på nettsiden til Helsedirektoratet - Pakkeforløp for psykisk helse og rus. Sist endra 22.10.2024 16.06