Integreringstenesta

Integreringstenesta er administrativt lagt til området opplæring og kultur, og inneheld avdelingane Flyktningetenesta og Læringssenteret. Flyktningetenesta har oppgåver innan busetting og oppfølging av flyktningar.  Læringssenteret har oppgåver innan kvalifisering av flyktningar og andre innvandrarar.

Læringssenteret

Læringssenteret arrangerer kurs i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar.

Her finn du informasjon om kva tenester Læringssenteret tilbyr

Flyktningetenesta

Flyktningtenesta i Øystre Slidre er organisert i Integreringstenesta saman med Læringssenteret. Flyktningtenesta sine oppgåver er å ta imot flyktningar som blir busette i kommunen, og hjelpe dei med å etablere seg i lokalsamfunnet og bli sjølvforsørga gjennom jobb. Kommunen ynskjer å legge til rette for at dei vi busett i vår kommune skal oppleve å bli møtt med respekt, toleranse og ei klår forventning om rask samfunnsdeltaking.


Sidan krigen i Ukraina starta i 2022, er det busett over 150 flyktningar i kommunen. Dei fleste av disse er frå Ukraina, men vi har også andre nasjonalitetar. Det bur til dømes folk frå Syria, Afghanistan, Eritrea, Somalia og Kongo i kommunen. Mange busette flyktningar er i jobb, mens andre enda går på skule.
 

Her finn du informasjon om introduksjonsprogrammet, og korleis lokalsamfunn og arbeidsgivarar kan bidra til god inkludering:


 

Kontaktinfo

Nina Dalsegg
Leiar integreringstenesta
E-post
Telefon 90 11 45 75