Det overordna målet er at innbyggjarane i Valdresregionen skal få moglegheit til å vere "Lenger i eiget liv". Det betyr at kvar enkelt kan få moglegheit til å bu heime lengre med tilrettelagt bruk av velferdsteknologi.
Valdresregionen starta i 2018 eit felles prosjekt for all 6 kommunar i regionen. Målet med innføringa av velferdsteknologi er at tenestemottakaren skal oppnå betre livskvalitet ved hjelp av tryggleiksskapande teknologi og teknologi som bidreg til auka meistring. Prosjektet ynsker at framtida sine omsorgstenester vil gi ein tryggare kvardag og meistring av daglege gjeremål.
Som innbyggjar skal du framleis motta gode helsetilbod slik du gjer i dag. Men teknologien bidreg til at kvaliteten kan bli betre(enklare kommunikasjon mellom personell, deg og pårørande), auka tryggleik og fridom. Vi kan våke over enklare, utan at ditt privatliv forstyrrast unødig og du kan leve ditt liv utan å vente på heimetenesta, medisinhjelp etc. Dette bidreg til at du kan meistre ditt liv slik du ynskjer det og får naudsynt bistand når du treng det.
Vi vurderer ditt behov og gir deg det helsetilbodet vi ser du treng til ei kvar tid.
"Å bruke teknologien i helsetenestene betyr ikkje at vi skal fjerne dei varme hendane i omsorgen, men bruke dei smartare!"