Kommunalt hjelpemiddellagerØystre Slidre kommune har hjelpemiddellager der den som bur eller oppheld seg i kommunen kan låne hjelpemiddel ved behov. Eksempel på hjelpemiddel ein kan låne: doforhøgar, dostol, rullator, etc. Lån av hjelpemiddel frå kommunalt hjelpemiddellager er gratis. Målgruppa er personar med nedsett funksjonsevne og personar som er sjuke eller skadde med behov for hjelpemiddel. Du kan få tenesta anten du bur heime eller på institusjon. Ønskjer du å låne hjelpemiddel? Ta kontakt med kommunal fysio- og ergoterapiteneste for lån frå kommunalt lager. Hjelpemiddel til sals Øystre Slidre kommune har nokre hjelpemiddel til sals. Merk: disse hjelpemidla er kun til sals og ikkje til utlån: Krykker kr. 312,- pr. par Ispigg kr. 112,- pr. stk Doppsko kr. 62,- pr. stk Gripetang 70 cm kr. 206,- pr. stk Strømpepåtrekker kr. 219,- pr. stk Silketupp kr. 42,- pr. stk Kompresjonsstrømper Lange strømper kr. 300,- pr. stk Knestrømper kr. 240,- pr. stk (prisar pr. 01.11.2022) Legekontoret sel også krykker til kr. 400,- pr. par. NAV hjelpemiddelsentral Korleis får du hjelpemiddel frå hjelpemiddelsentralen? Brukaren fyller som oftast ut eit søknadsskjema i samarbeid med ein fagperson, og sender det til NAV Hjelpemiddelsentral for vurdering og vedtak. Vi anbefalar at du tek kontakt med kommunal ergoterapiteneste for å få hjelp til å søke om aktuelle hjelpemiddel og vidare oppfylging. Kommunal fysioterapeut kan også hjelpe til med søknadar på bevegelseshjelpemiddel. Publisert 23.11.2022 14.43