Vaktmeister - ambulerande
Beskriving
Øystre Slidre kommune har ein ambulerande vaktmeister.
Hovudoppgåvene til ambulerande vaktmeister er installering og vedlikehald av tryggleiksalarmar, utkjøring og installering av tekniske hjelpemiddel og kjøre brukarar til aktivitetar på Skogsgruppa/ Vindestogo/aktivitetshuset.
Ambulerande vaktmeister reparerar også hjelpemiddel frå NAV hjelpemiddelsentral.
Øystre Slidre kommune har hjelpemiddel på lager. Alle som bur eller oppheld seg i kommunen kan låne hjelpemiddel ved behov. Eksempel på hjelpemiddel ein kan låne er: doforhøgar, rullator, dostol etc.
Ta kontakt med kommunal fysio- og ergoterapiteneste for lån frå kommunalt lager.
Korleis får du hjelpemiddel frå hjelpemiddelsentralen?
Brukaren fyller som oftast ut eit søknadsskjema i samarbeid med ein fagperson, og sender det til NAV Hjelpemiddelsentral for vurdering og vedtak. Vi anbefalar at du tek kontakt med kommunal ergoterapiteneste for å få hjelp til å søke om aktuelle hjelpemiddel og vidare oppfylging. Kommunal fysioterapeut kan også hjelpe til med søknadar på bevegelseshjelpemiddel.
Hjelpemiddel til sals
Øystre Slidre kommune har nokre hjelpemiddel til sals. Merk: disse hjelpemidla er kun til sals og ikkje til utlån:
- Krykker kr. 550,- pr. par
- Krykker med ispigg kr. 650 pr.par
- Ispigg kr. 112,- pr. stk
- Doppsko kr. 62,- pr. stk
- Gripetang 70 cm kr. 206,- pr. stk
- Strømpepåtrekker kr. 219,- pr. stk
- Silketupp kr. 42,- pr. stk
- Kompresjonsstrømper
- Lange strømper kr. 300,- pr. stk
- Knestrømper kr. 240,- pr. stk
(prisar pr. 01.11.2022)
Legekontoret sel også krykker til kr. 400,- pr. par.
Ambulerande vaktmeister
Øystre Slidre kommune har ein ambulerande vaktmeister.
Du finn informasjon om ambulerande vaktmeister her.
Hovudoppgåvene til ambulerande vaktmeister er installering og vedlikehald av tryggleiksalarmar, utkjøring og installering av tekniske hjelpemiddel og kjøre brukarar til aktivitetar på Skogsgruppa/ Vindestogo/aktivitetshuset. Ambulerande vaktmeister reparerar også hjelpemiddel frå NAV hjelpemiddelsentral.
Målgruppe
Personar med nedsett funksjonsevne og personar som er sjuke eller skadde.
Kriterium
Tildelings- og bustadkontoret, kommunal ergo- eller fysioterapeut vil gjera ei undersøking og ei fagleg vurdering av behovet for hjelpemiddel.
Pris
Klage
Dersom du meiner du ikkje får nødvendig hjelp eller er misnøgd med utføringa av tenesta, kan du sende ei klage til kommunen eller direkte til tenesteytaren. Forklar kva du er misnøgd med og kva for endringar du ynskjer.
Rettleiing
Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å søkje om vaktmeisterteneste, eller du kan be andre hjelpe deg dersom du har behov for det. Dersom ein annan søkjer på dine vegner, må vedkommande ha fullmakt.
Oppdatert