KvardagsrehabiliteringKva er kvardagsrehabilitering? Ei førebyggjande helseteneste retta mot heimebuande eldre Føremålet med tenesta er at brukaren kan bu heime lengst mogleg og delta aktivt i eige liv i kvardagsaktivitetar Brukaren skal delta aktivt i rehabiliteringa og jobbe saman med eit tverrfagleg team for å nå måla sine Trening mot målet skjer i heimen til brukaren, i ei intensiv og tidsavgrensa periode på ca. 6 veker Kvardagsrehabilitering - brosjyre Brosjyre for tilbodet kvardagsrehabilitering (PDF, 489 kB) Brosjyrer fallførebyggande trening - informasjon frå Helse Norge Informasjon om fallbørebyggande trening lenke til Helse Norge Brosjyre fallførebyggande trening Brosjyre om fallførebyggande trening - unngå fall (PDF, 642 kB) Førebyggande heimebesøk Øystre Slidre kommune er oppteken av førebyggande verksemd og tilbyr førebyggande heimebesøk til alle i aldersgruppa 75-84 år. Fyrst vil du motta eit brev med tilbod om førebyggande heimebesøk. Deretter blir du kontakta på telefon der vi tilbyr oss å koma på heimebesøk. To får kvardagsrehabiliteringsteamet kjem heim til deg og har ei samtale med deg. Samtala går ut på korleis ein kan behalde god helse og meistre å bu i eigen heim lengst mogleg, med bakgrunn i ulike tema som blir teke opp. Det er faste tema som blri teke opp og er alt frå fysisk aktivitet, kosthald og ernæring, sikkerheit i eigen heim, sosialt fellesskap osv. Teamet består av helsepersonell (ergo-, fysioterapeut og hjelepepleier) som alle har teieplikt. Kven er vi? Kvardagsrehabilitering vert driven av eit team beståande av hjelpepleiarar, fysioterapeut, ergoterapeut og heimetrenarar. Målgruppe Du som opplever plutseleg eller gradvis fall i funksjonsevne Du som opplever at daglege aktivitetar og gjeremål begynnar å bli ei utfordring. Du som skal heim etter sjukehusinnlegging eller korttidsopphald på Helsetunet Du som ber om tenester (heimeteneste, heimesjukepleie, avlasting) for fyrste gong eller opplev auka behov for tenester Du som søkjer hjelpemiddel Korleis få tilbod om tenesta? Vi i kvardagsrehabiliteringstenesta kjem heim til deg for ei informasjonssamtale om tenesta Du kan gjerne ringe eller ta kontakt med teamet (sjå kontaktinformasjon på høgre sida) Fastlegen kan vidareformidle kontakt til teamet Du sender skriftleg søknad til Helsetunet på søknadskjema for kommunale helse- og omsorgstenester Kriteritum Teamet i kvardagsrehabilitering vil gjere ei undersøking og ei fagleg vurdering av behovet. Kva kostar tenesta? Tenesta er gratis. Klage Dersom du meiner du ikkje for nødvendig hjelp eller er misfornøyd med utføringa av tenesta, kan du sende ei klage til kommunen eller direkte til tenesteytaren. Forklar kva du er misfornøyd med og kva for endringar du ønskjer. Sist endra 15.04.2024 10.37