DemensomsorgEttersom befolkningen blir eldre kjem det til å bli fleire med ei demensdiagnose, Øystre Slidre kommune har eit mål om å bli ein demensvennleg kommune.Det å få ei demensdiagnose er ei tøff påkjenning både for ein sjølv, men også for dei som står ein nær som ektefelle, barn , familie og vener. Her på denne nettsida kan du finne informasjon om kva for tilbod kommuna har for dei som har fått ei demensdiagnose og kven som kan kontaktast før støtte og veiledning, både før og etter diagnose.Demenskontakt er eit lågterskeltilbod for personar med demens og deira pårørande. Tenesta er gratis.Demenskontakten i Øystre SldireThora Ranum Nyhagen er demenskontakt. Ho kan treffast onsdagar og torsdagar i tida kl.08:00 - 15:00. Ei demenskontakt kan nyttast til:Samtalar og veiledning etter demensdiagnoseHeimebesøkBistand til å finne vegen i støtteapparatetOversikt over tilbod i kommunen for personar med demens Samarbeid mellom ulike instansar ein har kontakt medBesøke lag og foreiningar for å undervise og informere om demensDagaktivitetstilbodVindestogo er eit dagaktivitestilbod for heimebuande som har hukommelsessvikt grunna demens eller andre helseproblem som påverkar det kognitive. Informasjon om tilbodet ved Vindestogo Du kan finne informasjon om tilbodet ved Vindestogo her Informasjonsbrosjyre Vindestogo Her finn du informasjonsbrosjyre for tilbodet ved Vindestogo (PDF, 517 kB) Tilbod til personar med demenssjukdom Øystre Slidre kommune har følgjande tilbod til personar med demenssjukdom:AvlastningstiltakInformasjon om avlastningstiltak finn du herHeimebaserte tenestarInformasjon om heimebaserte tenester finn du herTilrettelagt bustadInformasjon om tilrettelagt bustad finn du herInstitusjonsbaserte tenester (sjukeheim)Informasjon om institusjonsbaserte tenester finn du her Nyttig informasjon om demens, for pasient og pårørande Nyttig informasjon om demens finn du her Her finn du lenker til nettsider som kan gi god informasjon for deg som har ei demensdiagnose, for pårørande eller for deg som lurer på ting kring demens: https://www.helsenorge.no/sykdom/demens https://nasjonalforeningen.no/demens/ https://www.aldringoghelse.no/demens/ Hjelpetelefon Nasjonalforeningen for folkehelsen har ein hjelpetelefon for dei som har demens og deira pårørande, tlf. 23 12 00 40. Publisert 08.11.2023 13.18