Ordføraren i Øystre Slidre

Ordførar Bjarne Budal Øystre Slidre kommune

Gjennom mitt politiske engasjement ønskjer eg å bidra til at Øystre Slidre kommune skal vere ein god og attraktiv plass å bu og leve i for alle!

Å vere ordførar i ein av Noregs beste fjellkommunar er eit privilegium. Det er òg eit privilegium å få samarbeide med dei andre Valdres-kommunane til det beste for Valdres. Valdres som region og merkevare er viktig for oss, like viktig som Beitostølen er for Valdres-regionen.

Eit godt lagarbeid i vår eigen kommune; tverrpolitisk, mellom politikk og administrasjonen, med nærlingslivet, frivillige lag og organisasjonar, innbyggarane og deltidsinnbyggarane, er viktig for å skape gode resultat for kommunen. Like viktig er samarbeidet i heile Valdres-regionen, for m.a. å styrke Fagernes som regionsenter. Eg vil vere ein lagleiar som bidreg til det gode samarbeidet, slik at vi skapar resultat både for Øystre Slidre kommune og for Valdres.

Eg inviter deg til å ta del i utviklinga. Dersom det er noko du ønskjer å ta opp med meg, kan du ta kontakt på telefon (90 56 68 10), e-post bjarne.budal@oystre-slidre.kommune.no eller ta ein tur innom kontoret mitt på kommunehuset.

Er det noko som hastar, ta kontakt med sentralbordet på tlf. 61 35 25 00.

Mvh

Bjarne Budal/ordførar

Kontaktinfo

Bjarne Budal
Ordførar
E-post
Mobil 90 56 68 10