Ledige stillingar i Øystre Slidre kommune

Frå januar 2020 har vi innført eit nytt rekrutteringssystem (Webcruiter). Dette betyr at du må søke elektronisk via desse sidene. Om du søkt stilling hjå oss tidlegare, må du registrere deg på nytt i det nye systemet.

Kandidatar blir vurdert etter søknadstekst og den informasjonen du legg inn i felta for utdanning, erfaring og lignende i søknaden. Det er denne informasjonen som kjem fram i den utvida søkjarlista, og som danner grunnlaget for vurdering av søkjarane.

Vidare er det fint om du legg ved attestar, vitnemål og andre relevante dokument. Opplasta vedlegg kan ikkje være større enn 2MB.

Over finn du ein undermeny med Oversikt over ledige stillingar. Denne tek deg vidare til søknadssystemet, og du søkjer på stillinga vidare i dette systemet (etter at du har klikka deg inn på den aktuelle stillinga).

Du blir først bede om å oppgje e-postadresse, for å sjekke om du allereie har ein profil i systemet. 

Treng du hjelp med søknadsprosessen? Sjå kontaktinformasjon på denne sida.

Kontaktinfo

Sigrid Marie Listerud
Personalmedarbeider
E-post
Telefon 90 61 75 86
Rannveig Hovi
Personalkonsulent
E-post
Telefon 61 35 25 00
Mobil 97 52 38 41