SvarUt og eDialog - sikker elektronisk post
Øystre Slidre kommune nyttar Svar UT slik at du kan få elektronisk post på ein trygg og enkel måte.
Vi har òg teke i bruk eDialog slik at du trygt kan sende oss brev elektronisk, sjølv om dei er unnateke offentlegheit.
Korleis sende oss post via eDialog?
- Klikk på boksen øverst på sida "send post via eDialog" for å sende oss post via eDialog.
- Du må autentisere deg i ID-porten, anten med bruk av minID, bankID, bankID på mobil, Buypass ID eller Commfides.
- Når du er logga på, fyller du ut skjemaet og lastar opp vedlegg.
Utfylling av skjema
- Kryss fyrst av for om du sender inn som privatperson eller som firma, alle obligatoriske felt er merka med *
- I tittelfeltet er det til hjelp om du sett på saksnummer dersom du sender inn noko i samband med ei pågåande sak.
- Skriv utfyllande kommentar knytt til sendinga og last opp eventuelle vedlegg.
- For å sende inn, klikk på "send sikkert til Øystre Slidre kommune". Brevet ditt blir kryptert og sendt direkte inn til sak- og arkivsystemet vårt.
- Du får ei kvittering med referanse sendt til e-postadressa du har oppgitt i skjemaet ved innsending.
NB: du skal ikkje nytte eDialog om vi har elektroniske skjema til føremålet, t.d. søknad om plass i barnehage, SFO eller søknad på stilling m.m.
Sjå oversikt over alle våre elektroniske skjema her.
Sist endra 02.02.2023 16.15