eFaktura er eit godt alternativ til AvtaleGiro. Vi vil anbefale alle våre kunder å opprette eFakturaavtale i banken. eFaktura sikrar at fakturaen kjem raskt fram til mottakar, samt at den er ferdig utfylt, slik at du ikkje treng å taste kontonummer, KID og beløp. eFaktura må godkjennast i nettbank før den blir betalt.
Endring i eFaktura 2024
Fleire opplever at dei mottek papirfaktura sjølv om dei tidlegare har motteke eFaktura.
Nytt system for eFaktura
Bankvesenet i Norge har lagt om systema for eFaktura. Det nye eFaktura-systemet nyttar personnummer som gjenkjenning, ikkje eFaktura-referanse som tidlegare. Dette betyr at alle eFaktura-avtalar som er oppretta med bakgrunn i tidlegare eFaktura-referanse har opphøyrt. Det vil ikkje lengre vere mogleg å motta eFaktura i en annan person sitt namn.
Endre tilbake til eFaktura
Er du ein av dei som har motteke papirfaktura sjølv om du tildlegare har motteke eFaktura, så må du sjølv endre tilbake til eFaktura i nettbanken din.
For at du skal kunne motta eFaktura frå kommune og andre aktørar må du velje “Ja takk til alle” / “Alltid eFaktura” i din nettbank, eller på Vipps. Det er fakturamottakar som må gjere dette i sin nettbank.
Dersom du ønskjer at andre skal kunne betale fakturaen for deg, må du som mottakar av fakturaen ta kontakt med din bank.