Vedtak
Kommunestyrekomiteen for tekniske tenester legg framlegg til ny beitebruksplan for Øystre Slidre kommune 2025 – 2029 ut på høyring, med høyringsfrist 1.02.2025.
Behandling
Gunnar Thue la fram følgjande framlegg til vedtek:
Kommunestyrekomiteen for tekniske tenester legg framlegg til ny beitebruksplan for Øystre Slidre kommune 2025 – 2029 ut på høyring, med høyringsfrist 1.02.2025, med følgjande endringar:
Det vert presisert i innleiinga om at:
- beitebruksplanen gjeld for 2025 – 2029 og vert ajourført med tal og rettingar
- handlingsplan vert oppdatert i samsvar med utkastet
- planen får eit vedlegg med ein beitebruksplan for Hedalsstølsområdet, inkl. handlingsdel.
Administrasjonen rettar opp planen med dei innspela som kom i møtet og får fullmakt til å legge planen ut på høyring.