Vedtak
1. Kommunestyret vedtek økonomiplan 2025-2028 med årsbudsjett for 2028 i samsvar med spesifikasjonane i vedlagd dokument, «Løyvingsoversikt drift etter § 5-4 første ledd", «Løyvingsoversikt drift etter § 5-4 andre ledd", “Økonomisk oversikt drift etter § 5-6”, “Løyvingsoversikt investering etter § 5-5 første ledd”, “Løyvingsoversikt investering etter § 5-5 andre ledd", og med dei endringane som vart vedteke i møtet.
2. Gebyr og betalingssatsar i samsvar med «Gebyrliste", og med dei endringane som vart vedteke i møtet.
3. Skatt på inntekt og formue vert skriven ut etter høgast lovlege satsar.
4. Kommunestyret vedtek med heimel i §§ 2 og 3 bokstav a) i eigedomsskattelova å i 2025 vidareføre utskriving av eigedomsskatt på faste eigedomar i heile kommunen. Den generelle skattesats skal vera 7 promille av takstverdien. For bustader og fritidsbustader skal skattesatsen vera 4 promille, jf. eigedomsskattelova § 12 bokstav a.
5. Eigedomar som har fått fritak for eigedomsskatt i 2024 får tilsvarande fritak for 2025.
6. Ved taksering og utskriving av eigedomsskatt nyttar kommunen rammer og retningsliner vedteke av sakkunnig takstnemnd 21.2.2018 (jf. eigedomsskattelova § 10).
7. Eigedomsskatten blir skrive ut i fire terminar, jf. eigedomsskattelova § 25, 1. ledd. Terminane er 10.2., 10.5., 10.8. og 10.11. Kommunale avgifter blir skrive ut i tilsvarande terminar.
8. I samsvar med behov for lånefinansiering får kommunedirektøren fullmakt til å godkjenne lånevilkår til investeringar i 2025 med kr 2.000.000 frå Husbanken til vidareutlån, og kr 64.416.000, med fråtrekk av ubrukte lånemiddel per 1.1.2025 ( jf. kommunens finans- og gjeldsreglement), til andre investeringar i 2025.
9. Kommunen skal ha 100% kostnadsdekning gjennom gebyr på sjølvkostområda vatn, avløp, slam, renovasjon, feiing, oppmåling/ eigarseksjonering, spreidd avløp, bygge-/delesak og private planforslag.
Behandling
Kommunedirektøren opplyste om kommunen blir bedt om å busette 25 flykningar i 2025, og at dette vil bli innarbeidd i økonomiplanen før høyring.
Samrøystes tilrådd.