Vedtak
Kommunestyret meiner klagene ikkje inneheld nye opplysingar som gjev grunnlag for å endre reguleringsplanen for Liahaugstølen. Kommunestyret meiner saka er godt nok utgreidd jf. denne saka med vedlegg. Klagene vert ikkje tekne til følgje og saka blir oversendt Statsforvaltaren i Innlandet for endeleg avgjerd.
Behandling
Bente Oxhovd opplyste at ho har vore inhabil i saka før, og bad om å få vurdert sin habilitet. Formannskapet fann Bente Oxhovd inhabil i saka. Gunnar Thue møtte som vararepresentant.
Kommunedirektøren opplyste at han vil justere litt på saksframlegget før handsaming i kommunestyret.
One G. Enerud la fram følgjande forslag til vedtak:
Klagene tas til følge. Kommunestyret omgjør sitt vedtak om regulering av Liahaugstølen og avviser planen. Spørsmål om ev ny utbygging i dette urørte område vurderes i forbindelse med behandlingen av KPA.
Forslaget frå One G. Enerud fekk 1 røyst (SV).
Tilrådinga fekk 4 røyster (Ap, H, Sp).