Vedtak
Tilråding
1. Kommunestyret vedtek økonomiplan 2025-2028 med årsbudsjett for 2025 i samsvar med spesifikasjonane i vedlagd dokument, «Løyvingsoversikt drift etter § 5-4 første ledd", «Løyvingsoversikt drift etter § 5-4 andre ledd", “Økonomisk oversikt drift etter § 5-6”, “Løyvingsoversikt investering etter § 5-5 første ledd”, “Løyvingsoversikt investering etter § 5-5 andre ledd", og med dei endringane som ligg i økonomiplannotat nr. 6 og dei endringane som vart vedteke i møtet.
2. Gebyr og betalingssatsar i samsvar med «Gebyrliste", og med dei endringane som vart vedteke i møtet.
3. Skatt på inntekt og formue vert skriven ut etter høgast lovlege satsar.
4. Kommunestyret vedtek med heimel i §§ 2 og 3 bokstav a) i eigedomsskattelova å i 2025 vidareføre utskriving av eigedomsskatt på faste eigedomar i heile kommunen. Den generelle skattesats skal vera 7 promille av takstverdien. For bustader og fritidsbustader skal skattesatsen vera 4 promille, jf. eigedomsskattelova § 12 bokstav a.
5. Eigedomar som har fått fritak for eigedomsskatt i 2024 får tilsvarande fritak for 2025.
6. Ved taksering og utskriving av eigedomsskatt nyttar kommunen rammer og retningsliner vedteke av sakkunnig takstnemnd 21.2.2018 (jf. eigedomsskattelova § 10).
7. Eigedomsskatten blir skrive ut i fire terminar, jf. eigedomsskattelova § 25, 1. ledd. Terminane er 10.2., 10.5., 10.8. og 10.11. Kommunale avgifter blir skrive ut i tilsvarande terminar.
8. I samsvar med behov for lånefinansiering får kommunedirektøren fullmakt til å godkjenne lånevilkår til investeringar i 2025 med kr 2.000.000 frå Husbanken til vidareutlån, og kr 64.416.000, med fråtrekk av ubrukte lånemiddel per 1.1.2025 ( jf. kommunens finans- og gjeldsreglement), til andre investeringar i 2025.
9. Kommunen skal ha 100% kostnadsdekning gjennom gebyr på sjølvkostområda vatn, avløp, slam, renovasjon, feiing, oppmåling/ eigarseksjonering, spreidd avløp, bygge-/delesak og private planforslag.
Behandling
Morten Steinsrud la på vegne av Senterpartiet fram forslag om følgjande endringar i økonomiplanen:
Driftsbudsjettet 2025:
Auka løyving bemanning i barnehage/SFO på Kr 100 000,-.
Inndekking 2025:
Fjerne reduseringen av kutt i IKT Valdres på 100.000,-.
Forslaget fekk 6 røyster og fall.
Bente Oxhovd la på vegne av Høgre fram forslag om følgjande endringar i økonomiplanen:
Investeringar:
Forslaget fekk 4 røyster og fall.
Drift:
Redusert løyving VNK/VV med 200' fekk 8 røyster og fall.
Mats G Myhre bad om gruppemøte.
Tor Oxhovd la på vegne av Høgre fram følgande forslag til endringar i teksten:
10 på topp:
Pkt 4 endres til «Vi vil innan 2026 greie ut verknadene av mogleg endra skolestruktur, med vekt på verknad for læringsmiljø, læring og lokalsamfunn. Vi skal sikre brei medverknad frå FAU, tilsette m.fl. i arbeidet»
Slå sammen eksisterende 9 og 10
Nytt pkt 10: Vi skal aktivt ønske velkommen nye arbeidsplasser og gi positiv mottakelse av nye initiativ der vi ser muligheter før begrensninger. Vi skal heie på alle eksisterende arbeidsplasser og bidra med legge til rette og se muligheter.
Til økonomiplan:
VA-planen skal oppdateres og valg av konsept forankres i kommunestyret før detaljprosjekteringa av Nedrefoss kommer så langt at et evt. endret konsept medfører kostbare endringer i design. Finansieres fra VA sjølvkostområdet eller eigedomsskatten.
Gebyrregulativet pkt 351, 351.1, 341 og 341.1 endres til å gjelde fritidsbustader og næringsareal med rom for varig opphold som seksjoneres for salg. Ordet reiselivsverksemder strykes. Administrasjonen gis fullmakt til å finne ein presis ordlyd som dekker vedtakets intensjon.
Forslaga vart trekt.
Mette Christiansen la på vegne av Arbeiderpartiet fram forslag om følgjande endringar i økonomiplanen:
Driftsbudsjettet, auka løyvingar 2025:
Turar i skuletida 75`
Kommunepsykologi 100`
= totalt 175'.
Inndekning 2025:
IKT Valdres 100'
Bruk av disp. fond. 75'
Forslaget vart trekt.
One Enerud la på vegne av SV og Venstre fram forslag om følgjande endringar i økonomiplanen:
Forslaget vart trekt.
Mats G. Myhre la fram følgjande framlegg til endringar i 10 på topp:
Punkt 3 (beholde kun første delen)
Vi skal i planperioden gjennomføre tiltaka i oppvekstplanen for å sikre barn og unge ein trygg og god oppvekst i kommunen.
Punkt 4
Fjerne punkt 4
Punkt 9
Vi ønsker å fjerne introduksjonen, altså denne invitasjonen og dele opp underpunktene i to egne punkter.
Punkt x
Vi skal vera det best tilrettelagde reisemålet i Norge for alle, uavhengig av funksjonsnivå.
Punkt y
Sikre finansiering av fellesgode som stiar og løyper mv. gjennom selskapet Beitostølen Fellesgoder AS. 10.
Forslaget vart trekt.
H, Sv, V og Ap la fram følgjande felles forslag til endringar i driftsbudsjettet:
Forslaget frå H, Ap. Sv, V fekk 20 røyster, 1 Sp mot røysta i mot.
Alle partia la samla fram nytt forslag 10 på topp:
Pkt 3 Vi skal i planperioden gjennomføre tiltaka i oppvekstplanen som gir barn og unge ein trygg og god oppvekst i kommunen.
Pkt 4 endres til «Vi vil innan 2026 greie ut verknadene av mogleg endra skolestruktur, med vekt på verknad for læringsmiljø, læring og lokalsamfunn. Vi skal sikre brei medverknad frå FAU, tilsette m.fl. i arbeidet»
Pkt 8 strykes og erstattes med: Vi skal aktivt ønske velkomen nye arbeidsplassar og ta positivt i mot nye initiativ, der vi ser muloglegheiter og ikkje begrensingar. Vi skal heie på alle eksisterande arbeidsplassar og bidra med legge til rette og sjå moglegheiter.
Forslaget vart samrøystes vedteke.
Til slutt blei økonomiplanen røysta over samla, og den vart samrøystes vedteken.