Vedtak
Kommunestyret i Øystre Slidre kommune prioriterer følgjande tiltak i handlingsprogrammet for fylkesvegar 2026-2029:
Gang- og sykkelveg:
Utbygging av gang- og sykkelveg langs Fv 51 med følgjande prioritet:
1. Fv 51 – Gang- og sykkelveg frå Kyrkjebergvegen i Rogne til Moane.
2. Fv 51 – Gang- og sykkelveg frå Myhre gard til Skammestein med kurveutretting av svingen på Fv 51sør for Myhre gard.
Utbetringar:
Utbetring av Fv 51 med følgjande prioritet:
1. Utbetringar gjennom Heggenes sentrum med redusert barriereverknad, og betre tilrettelegging for gåande/syklande og brukarar av kollektivtilbodet.
2. Utbetringar gjennom Beitostølen sentrum med utbygging av nytt kollektivknutepunkt og utvikling av Bygdinvegen som gate og ikkje som gjennomkøyringsveg.
Vedlikehaldstiltak:
Kommunestyret i Øystre Slidre kommune har følgjande prioritering for bruk av midlar til vedlikehaldstiltak i handlingsprogrammet for fylkesvegar 2026-2029:
1. FV 2506 – Beitovegen, strekninga Beito - Mørken
2. FV 2504 - Robølsvegen
3. FV2490 - Vølbusvegen/Vestsidevegen
Behandling
Kommunedirektøren la fram følgjande justert tilråding i saka:
Kommunestyret i Øystre Slidre kommune prioriterer følgjande tiltak i handlingsprogrammet for fylkesvegar 2026-2029:
Gang- og sykkelveg:
Utbygging av gang og sykkelveg langs Fv 51 med følgjande prioritet:
1. Fv 51 – Gang- og sykkelveg frå Kyrkjebergvegen i Rogne til Moane
2. Fv 51 – Gang og sykkelveg frå Myhre gard til Skammestein med kurveutretting av svingen på Fv 51sør for Myhre gard
Utbetringar:
Utbetring av Fv 51 med følgjande prioritet:
1. Utbetringar gjennom Heggenes sentrum med redusert barriereverknad, og betre tilrettelegging for gåande/syklande og brukarar av kollektivtilbodet.
2. Utbetringar gjennom Beitostølen sentrum med utbygging av nytt kollektivknutepunkt og utvikling av Bygdinvegen som gate og ikkje som gjennomkøyringsveg.
Vedlikehaldstiltak:
Kommunestyret i Øystre Slidre kommune har følgjande prioritering for bruk av midlar til vedlikehaldstiltak i handlingsprogrammet for fylkesvegar 2026-2029:
1. FV2506 – Beitovegen, strekninga Beito -Mørken
2. FV 2504 - Robølsvegen.
3. FV2490 - Vølbusvegen/Vestsidevegen.
Bente Oxhovd bad om gruppe-møte.
Torje Kolbu la på vegne av Høgre fram følgjande forslag til endring i høve tilrådinga:
Fv 51 – Gang og sykkelveg frå Myhre gard til Skammestein med kurveutretting av svingen på Fv 51sør for Myhre gard vert sett som 1. prioritet innan gang- og sykkelveg.
Det vert røysta over forslaget frå Torje Kolbu. Forslaget frå Torje Kolbu. fekk 4 røyster og fall.
Tilrådinga vart etter det samrøystes vedteken.